Segner og soger fra Høllén

Skrubb på Høllén

Ein gammal mann fortel at bror hans nær hadde blitt teken av skrubb. Mor doms koka prim og gutongen stabba rundt på stulen, da skrubben kom. Mora fekk redda ongen i siste lita. Det seiast at skrubben var så nær at ho kunne teke på han.

 

 

Bjønn på Høllén

Halvor Folkestad fortel at bestefar hans, Sigurd Kultan, fortålte at han såg bjønn på Høllén ein gång i 1882.

Han fortel at han kom ut fra Dyrdalen med saueflokken og dreiv dom fram til stulen. Sjøl gjekk han inn i stulsbua fo å stelle seg nokko mat. Den gongen var det bærre steinbu.

Men han var inn, blei sauinn urolege, dei bræka og flaug som villdyr rondt på stulen. Han gjekk ut for å sjå kva som sto på, og fekk da sjå ein bjønn som kom gåans vegen frå Aslakstul. Den gjekk lengst etter myra og opp mot saueflokken og det var den sauinn var så redd for.

Sjøl kløv han opp på takje på neaste fjose for å sjå kva som foregjekk. Da tok bjønnen å slo en sau, tok n’ i labben og reste ne att med ‘n.

Det seiast at Sigurd var så redd at han ikkje torde ne att før han hadde sett at bjønnen hadde forsvinni ne lién.

 

Huldra i Oksladalen

Halvor Folkestad fortel om den gongen far hans, Nils Folkestad, møtte huldra i Oksladalen:

I 1949 var pappa heime i slåtten og det var svært varmt. Pappa og eg var oppe i klokken fire om morgonen å slo. Me slo til klokka var seks og så var det å hesje. Me dreiv på heile dagen og da klokka var seks om ettermiddagen, sa pappa at han måtte til Høllén med kløv i dag. Eg syns det var drygd etter ein så hard dag, men han gjorde seg i stan å reste til Høllén. Han tok ein gvild ved Torhildstul, som var gvileplassen halvvegas etter at me var ferdig med liene. Der sat’n å åt å prata. Klokka blei ni før han reiste derifrå. Me hadde ei stor bron hoppe den gongen som gjekk med ein liten fålå, ein sugar. Fålån var så sårbeina, og da han kom inn til toppen av Oksladalen var fålån så langt etter at pappa stoppa på ei lita grasslette der hesten gjekk å beita. Han sette seg på ein liten avsats som var som ein liten stol.

Mens han satt der , kom ei jente åmåte. Ho spør om mykkje rart og så sa ho til’n «Ta kløve av hesten og legg den på fålån». Nei, sa pappa, «det er heilt villt det, han orkar ingen ting han, er bærre sugar». «Jau, da» sa jenta, «den er ong , sprek og sterk! Men forresten» sa ho «du skal vel til Høllén du?» Ja da han skulle til Høllén. «Har de mange kuir der da?» sa ho. Ja da me har mange kuir, sae pappa. «Har de svarte kuir da?» sae ho. Det er fire stykker , sae pappa. «Det er mine det» sae ho. Men da begynte eg lure, fortalde pappa, hå slags mennesje var egentleg dettan? Så tok eg opp tøllekniven min, sa’n! For dettan måtte være trølldom, ei hulder! Så kasan’n kniven over ho. «Hå er du for mennesje», ropa n’. «Å pong», så var ho vekk.

Dettan var bestandig ei total sanning for pappa. Det helt’n på i elle år. Han ga seg eller på det.

Kilde: Lifjell i farne tider av Halvor Sem.